English    Norsk
NYHENDE

Trudde pollen var ei gift

21. June 2010
Oddekalv bommar grovt når pollen frå naturen vert forveksla med miljøgift, seier Hans Runshaug, administrerande direktør i Sjøtroll Havbruk.
Hans Runshaug avviser blankt påstandane i saka som Oddekalv melde til politiet før helga. Runshaug meiner media ikkje har vore vakne nok for Oddekalv sin mangel på faktaforståing, og for lett har teke usanning for god fisk.
 
Grunnlause påstandar
Oddekalv hevda før helga at det kunne dokumenterast at det er sleppt ut ”fiskeensilasje og fiskefeitt som er tilsett maursyre. Det er sannsynleg at det og inneheld store mengder fiskemedisin”. Sjøtroll hadde på førehand gjort undersøkingar på sine ensilasjeanlegg,  etter rykte om ein pressesvolten Oddekalv.
- Våre undersøkingar synte at Oddekalv har bore fram grunnlause påstandar. Påstått ”akutt forureining” var faktisk ei oppsamling av pollen – naturen sitt eige formeiringsfenomen.Dette vert også stadfesta av bilde vi har teke frå området, seier Hans Runshaug. Han strekar under at det ikkje har lekt ut ein einaste drope ensilasje i området.
Fiskemedisinane som Oddekalv hevdar nokså sikkert finst, har aldri vore nytta i området. Sjøtroll har ikkje brukt antibiotika på meir enn 10 år.
 
Blomen og bia
Runshaug tykkjer det er alvorleg og urovekkjande at ein miljøvernar ser ut til å mangla kunnskap om det mest naturlege som finst i naturen; teikn på naturen sin reproduksjon.
- Dette er jo pensum i dei aller første leksjonane om blomen og biene. No kan det jo vera at Oddekalv likevel har fått dette med seg. Då er det dessverre at han, mot betre viten, enno ein gong prøver å sverte omdømmet både til ei enkel bedrift – og til ei heil næring – med løgnaktig framferd, seier Runshaug. Han strekar under at oppdrettsnæringa ynskjer utfordringar velkomne.
- Utfordringar kan vi læra av, men dei må vera konstruktive og basere seg på reelle fakta. Det inngjev respekt når folk set seg inn i ei sak og kan underbyggje sine synspunkt. Her har Oddekalv ei utfordring, seier Runshaug.

Tilbake
Kontakt: Sjøtroll Havbruk AS- 5397 Bekkjarvik / Telefon 91 91 18 00 / Faks 56 18 18 01 / e-post: firmapost@sjotroll.no
Developed by Maritime Colours.   Powered by PublishOnline