English    Norsk
NYHENDE

Tidenes tal for Sjøtroll Havbruk AS

09. September 2010
Sjøtroll Havbruk AS i Austevoll har levert rekordtal første halvår i år, med 442 millionar kroner i salsinntekter
-2010 vert ein økonomisk og miljømessig milepæl. Me gler oss over gode tal, men er mest stolt over ti års produksjon av laks og aure utan eit gram antibiotika, seier Hans J. Runshaug, administrerande direktør.
 
I år har Sjøtroll Havbruk AS positiv framgang på fleire område, ifølge Hans J. Runshaug:
-På plussida det siste kvartalet kjem sterke prisar på aure og laks, saman med aukande etterspurnad på volum. Dei økonomiske tala viser ei veldig god forbetring, også på kostnadssida. Me ser at kostnadsbildet vil gå vidare ned, sjølv om me opplevde eit høgare kostnadselement på fisk som vart slakta i andre kvartal, som følgje av sjukdommen Pancreas disease (PD) og lågare tilvekst i vinter. Det vil me merke og i tredje kvartal, seier Hans J. Runshaug. Prisauken som har vore, er absorbert av markedet og konsumentane, meiner han.
-Det er eit knallsterkt signal til ein matprodusent som oss i Sjøtroll Havbruk AS.
 
Ros til dei tilsette
Selskapet har likevel justert ned slaktevolum til samla rundt 22-23 000 tonn sløgd vekt i 2010. Minusresultat frå 2008 er snudd til pluss, og leiinga i selskapet gir æra klar adresse:
-Våre 250 medarbeidarar har gjort ein stor innsats for å bygge resultat, og det har dei klart på ein framifrå måte, seier Runshaug.
Salsinntekta i årets andre kvartal var på heile 266 millionar kroner. Dette er 13,2 prosent betre enn på same tid i fjor, medan driftsresultatet er heile tre gonger betre.
 
Sjøtroll Havbruk AS: Nøkkeltal i millionar kroner
 
Q2  2010
Q2  2009
H1  2010
H1  2009
SALSINNTEKTER
266,0
235,0
442,0
379,0
EBIT
  79,6
  41,1
122,6
  42,6

Tilbake
Kontakt: Sjøtroll Havbruk AS- 5397 Bekkjarvik / Telefon 91 91 18 00 / Faks 56 18 18 01 / e-post: firmapost@sjotroll.no
Developed by Maritime Colours.   Powered by PublishOnline