English    Norsk
HISTORIE

TUFTA PÅ HUNDREÅRIG FISKERIHISTORIE

Ein av dei eldste fiskerifamiliane i kommunen, Møgsterfamilien, bestemte seg på slutten av 70-talet for at dei ville satse på oppdrett av laks og aure. Før det hadde fiskeri i Austevoll i hovudsak handla om not-, trål- og garnfiske. Oppdrettsverksemda utvikla seg raskt, og i 1980 hadde selskapet oppstart som settefiskprodusent. I 1990 tok selskapet namnet Sjøtroll. Fleire oppkjøp og samanslåingar var del av ein langsiktig strategi om å ha hand om alle ledd i produksjonen.

Konsernet er i dag eitt av dei ti største oppdrettskonserna i landet og eig også Brandasund Fiskeforedling AS og RexStar Seafood AS. Selskapet produserer årleg rundt 30.000 tonn matfisk og hadde i 2009 ein omsetnad på over 750 millionar kroner.

Kontakt: Sjøtroll Havbruk AS- 5397 Bekkjarvik / Telefon 91 91 18 00 / Faks 56 18 18 01 / e-post: firmapost@sjotroll.no
Developed by Maritime Colours.   Powered by PublishOnline