English    Norsk
EIGARSKAP

LOKALT FORANKRA

Møgsterfamilien har dei siste åra selt seg noko ut av selskapet, men det har vore viktig for familien å behalde ein større eigarpost lokalt og dermed sikra lokale interesser.

Dei største eigarane er:

LERØY SEAFOOD GROUP
Konsernet Lerøy Seafood Group er Norges leiande sjømateksportør og skal gjennom si verksemd tilfredsstilla behovet for mat-og smaksopplevingar nasjonalt og internasjonalt ved å tilby sjømatprodukt via utvalde distributørar til produsentar, storhushaldningar og forbrukarar. Kjerneverksemd i konsernet er distribusjon, sal og marknadsføring av sjømat, vidareforedling av sjømat, produksjon av laks, aure og andre artar, samt produktutvikling. Selskapet eig rett over 50 prosent av aksjane i Sjøtroll Havbruk. Sjå www.leroy.no

HARDHAUS AS
Hardhaus representerer dei fleste av Møgsterfamilien sine aksjar i Sjøtroll Havbruk. Det var Møgsterfamilien som på slutten av 70-talet etablerte selskapet. Hardhaus er ein stor aktør innanfor havfiske og eig to store ringnotsnurparar. Hardhaus eig rundt 27 prosent av aksjane i selskapet.

Kontakt: Sjøtroll Havbruk AS- 5397 Bekkjarvik / Telefon 91 91 18 00 / Faks 56 18 18 01 / e-post: firmapost@sjotroll.no
Developed by Maritime Colours.   Powered by PublishOnline