English    Norsk
VERDIAR

VI LEGG ÆRA I PRODUKTA VÅRE

I Sjøtroll legg vi æra vår i å utvikle så reine, sunne og gode fiskeprodukt som mogleg. For å hjelpe oss til å halde fokus på dette, har vi utarbeidt eit sett med verdiar.


Vår første verdi er Fagleg kompetanse. Med det meiner vi at vår kompetanse alltid skal vere den beste. Difor bruker vi både tid og ressursar på å utdanne og kurse våre medarbeidarar. Sjøtroll sine folk skal ikkje berre vite  kva dei held på med, dei skal vere ekspertar på sitt område.

Vår andre verdi er Ærleg. Tillit er ikkje noko ein får, men noko ein gjer seg fortent til. Gjennom 30 år i bransjen har vi opparbeidt oss ein status som ein svært truverdig og open produsent med stor tillit hos våre kundar.

Vår tredje verdi er Ansvarleg. Vi skal ikkje berre vere ansvarlege i høve til kundar, men også over for miljøet, våre medarbeidarar og ikkje minst overfor det vi lever av, nemleg fisken i merdane. Vi skal vise omtanke for alle partar.


Kontakt: Sjøtroll Havbruk AS- 5397 Bekkjarvik / Telefon 91 91 18 00 / Faks 56 18 18 01 / e-post: firmapost@sjotroll.no
Developed by Maritime Colours.   Powered by PublishOnline