English    Norsk
VERDIKJEDEN

FRÅ STAMFISK TIL MATFISK

1) Stamfisk

Produksjonen av laks og aure byrjar i våre stamfiskanlegg. Lang erfaring og høg kompetanse gjer at vi har eit langsiktig og profesjonelt opplegg for seleksjon av dei beste kandidatane for å trygge framtidig kvalitet.

2) Rognproduksjon og stryking

Strykinga av stamfisken skjer om hausten. Fordi modningstidspunktet for kvar fisk er individuelt, må kvar einaste hofisk sjekkast for å fastslå nøyaktig strykingstidspunkt. Rogna vert så blanda med mjølke frå nøye utvalde hannfiskar. Etter befruktning vert rogna skylt og desinfisert, før den vert lagt til modning. Her vert rogna kontinuerleg følgd opp og inspisert dagleg heilt fram til klekking.

3) Yngel og smolt
Sjøtroll har ei unik ferskvasskjelde til vårt produksjonsanlegg for aure. Vatnet er isklart smeltevatn frå isbreen Folgefonna i Hardanger. Dette er klart og reint vatn frå ein isbre som er 10 000 år gammal. Slike naturgitte forhold er med å sikre den høge kvaliteten som kjenneteiknar våre produkt og gjev dei beste vilkåra for fisken i produksjonsfasen. Vi har samstundes eit sterkt fokus på oppfølging og fiskehelse. Når fisken er i stand til å takle eit liv i sjøen, finn den skånsamt, og så naturleg som råd, vegen til sjøen via brønnbåt der overvaking av fiskevelferd kontinuerleg vert optimalisert.

4) Matfisk

Fisken sin oppvekst skjer i våre 25 matfiskanlegg. Alle anlegga er lagt på nøye utvalde lokalitetar kor naturtilhøva bidreg til gode oppvekstvilkår. Etter utsetting i sjø vert fisken gåande i same merd heilt fram til slakting. Dette sikrar fiskevelferd i heile syklusen. Fokus på tryggleik for fisk og personell gjer at vi minimaliserer risiko for uønska hendingar. Etter 12 til 18 månader har fisken oppnådd rette eigenskapar for kvalitet og sunnheit og vert slakta.

5) Frakt, slakting og pakking

Frå oppdrettsanlegget vert fisken frakta levande og skånsamt i brønnbåtar til vårt eige slakteanlegg på land. Båtane held høg teknisk standard, noko som er avgjerande for kvaliteten på sluttproduktet. Som elles i produksjonsprosessen søkjer vi å minimalisere stress for fisken. Dette ut frå fisken sin velferd og kvaliteten på produktet. Vi prioriterer human avliving og har gjennom heile slakte- og foredlingsprosessen fokus på å bevare den høge kvaliteten på fisken heilt fram til forbrukar sin gane.

Kontakt: Sjøtroll Havbruk AS- 5397 Bekkjarvik / Telefon 91 91 18 00 / Faks 56 18 18 01 / e-post: firmapost@sjotroll.no
Developed by Maritime Colours.   Powered by PublishOnline