English    Norsk
KUNNSKAP

BEREBJELKEN I ALT VI GJER

Over 30 år som ein leiande aktør i oppdrettsnæringa har gjeve oss unik kunnskap om fisk, oppvekstvilkår, biologi og miljø. Denne kunnskapen brukar vi kvar dag for å utvikle velsmakande og sunne fiskeprodukt i verdsklasse.

Sjøtroll skal vere ein god arbeidsgjevar, og vi legg stor vekt på fagleg utvikling for den enkelte medarbeidar. Kjennskap til felles mål og samarbeid om korleis vi skal nå desse måla har høg prioritet. Mellom anna blir opplæring i samanhengen mellom praktisk drift, økonomi og rapportar sett i fokus. Dette fører til at kvar enkelt medarbeidar ser sin innsats verke inn på resultatet. Vi skal og halde fram med å vere ei god lærlingbedrift.

Det handlar om å gjere kvarandre gode, og å gjere meir av det vi allereie gjer bra.

Kontakt: Sjøtroll Havbruk AS- 5397 Bekkjarvik / Telefon 91 91 18 00 / Faks 56 18 18 01 / e-post: firmapost@sjotroll.no
Developed by Maritime Colours.   Powered by PublishOnline