English    Norsk
KVALITET

BERRE DET BESTE ER GODT NOK

I Sjøtroll legg vi æra vår i å framstille den beste oppdrettsfisken i verda, og vi stiller difor svært strenge krav til alt vi føretek oss.

Sjøtroll byggjer sin kvalitet gjennom ufråvikelege krav til interne standardar i alle ledd. Ekte kvalitet vert oppnådd når godt menneskeleg handverk og erfaring vert kombinert med gjennomtenkt industrialisering. Den menneskelege faktor er avgjerande.

Det held ikkje at ein er best, ein må kunne dokumentere det. Sjøtroll har ei rekkje internasjonale sertifiseringar som må fornyast kvart år. Desse sertifiseringane har blant anna fokus på at produksjonen skal vere miljøvennleg, kvaliteten på sluttproduktet og fiskehelse skal vere god, matvaretryggleiken og tryggleiken til dei som arbeidar hos oss skal vere godt ivaretatt, samt at anlegga våre skal tilfredsstille alle krav med tanke på driftstryggleik. Til saman har vi fem ulike sertifiseringar som alle må reviderast årleg. Dette er vår dokumentasjon på at Sjøtroll-fisk er av verdsklasse når det gjeld smak og kvalitet.

Kontakt: Sjøtroll Havbruk AS- 5397 Bekkjarvik / Telefon 91 91 18 00 / Faks 56 18 18 01 / e-post: firmapost@sjotroll.no
Developed by Maritime Colours.   Powered by PublishOnline