English    Norsk
SERTIFISERING

VÅRE SERTIFIKAT

Friend of the sea
Sjøtroll Havbruk AS følgjer krava i kvalitetsstandarden Friend of the sea. Selskapet vart Friend of the sea-sertifisert i 2009, og må årleg reviderast av eksternt sertifiseringsselskap for å behalda godkjenninga. Friend of the sea har følgjande fokusområde: Produksjonen skal ikkje påverke det ytre miljø, mellom anna gjennom overvaking og reduksjon av organisk materiale, energiforbruk og kjemikaliar. www.friendofthesea.org

 

 

Filière Qualité Carrefour - FQC
Sjøtroll Havbruk AS følgjer krava i kvalitetsstandarden FQC. Selskapet vart fyrste gong FQC-sertifisert i 1996, og har sidan hatt årlege revisjonar av eksternt sertifiseringsselskap. Carrefour har følgjande fokusområde:
• Kvalitet og sporbarhet
• Fiskehelse og miljø
• Tilsette sine arbeidstilhøve
www.carrefour.com

 

 

 

GlobalGAP (Good Aquaculture Practice)
Sjøtroll Havbruk AS følgjer krava i kvalitetsstandarden GlobalGap. Dette er ein standard som gjeld for oppdrett og produksjon av mat. Sjøtroll Havbruk AS si stamfiskavdeling vart GlobalGap sertifisert i 2008 og må årleg reviderast av eksternt sertifiseringsselskap for å behalda godkjenninga. Øvrige lokalitetar i selskapet følgjer same standard, men er hittil ikkje revidert for sertifisering. GlobalGap har følgjande fokusområde:
• Matvaretryggleik
• Miljøvern
• Tilsette si helse, arbeidsmiljø og tryggleik
• Dyrevelferd
www.globalgap.com

 

 

 

Freedom Food
Sjøtroll Havbruk AS si stamfiskavdeling fylgjer krava i kvalitetsstandarden Freedom Food. Avdelinga vart sertifisert i 2008, og må årleg reviderast av eksternt sertifiseringsselskap for å behalda godkjenninga. Freedom Food har følgjande fokusområde: Produksjonen skal gå for seg på ein slik måte at fisken sine naturlege behov vert ivaretatt. www.freedomfood.org

 

 

 

NS-9415
Sjøtroll Havbruk AS sine sjølokalitetar er alle sertifisert av den norske standarden NS-9415. Selskapet har produsert etter denne standarden sidan 2005. Denne standarden har som hovudfokus å hindre rømming av oppdrettsfisk gjennom driftssikkert utstyr. Alle lokalitetar gjennomgår revisjon før utsett av fisk, og deretter kvart tredje år. Selskapet sin samarbeidspartner er ROLI Certification AS. www.roli-certification.no

 

 

 


Kontakt: Sjøtroll Havbruk AS- 5397 Bekkjarvik / Telefon 91 91 18 00 / Faks 56 18 18 01 / e-post: firmapost@sjotroll.no
Developed by Maritime Colours.   Powered by PublishOnline