English    Norsk
HELSE

FEIT FISK ER KINDEREGGET I KOSTHALDET

Har du fokus på eiga helse, er feit fisk noko av det smartaste du kan ete. Fisk som laks og aure inneheld nemleg fleire av dei mest helsefremjande næringsstoffa vi kjenner, og samtidig er det godt.

Legar og forskarar over heile verda tilrår difor at vi et meir feit fisk som laks, aure, sild og makrell. Årsaka er et desse fiskeartane blant anna inneheld store mengder omega-3, ei feittsyre som har påvist positive effektar på ei rekkje område. Hjarta og blodomlaupet ditt har godt av det, samtidig som det er påvist at det kan ha ein positiv verknad på enkelte former for kreft. Nokre få gode fiskemiddagar i veka er alt som skal til for å redusere risikoen.

Lista over positive effektar stansar ikkje der. Feittsyrer er også viktige for at hjernen skal utvikle seg, og har også positiv effekt på enkelte former for hyperaktivitet. Det er difor viktig at barn og unge et nok feit fisk. I tillegg er det bra for den mentale helsa. Det er dokumentert at vi taklar både stress og depresjonar betre med tilstrekkeleg mykje omega-3 i kroppen.

Rekkja av positive effektar tek ingen ende. Oppsummert er det berre ein ting å seie, et fisk, det er godt for deg.

Kontakt: Sjøtroll Havbruk AS- 5397 Bekkjarvik / Telefon 91 91 18 00 / Faks 56 18 18 01 / e-post: firmapost@sjotroll.no
Developed by Maritime Colours.   Powered by PublishOnline