English    Norsk
MAT FOR FRAMTIDA

TILBAKE TIL BESTEMORS KJØKKEN

Moderne menneske vil ikkje ha ferdigmat og halvfabrikat. Dei vil ha ekte matopplevingar basert på gode og sunne råvarer. Kort fortalt så drøymer mange om å vende tilbake til bestemors kjøkken.

Samfunnet endrar seg heile tida. Medan bestemor hadde tid til å lage ekte mat, av ekte råvarer, gjerne med ein god dessert til, er mor travelt opptatt på arbeid. Tida strekk ikkje til, og i dag er det like ofte far som lagar middag som mor. Posemat og halvfabrikat har difor vore ei lettvint løysing som mange har gripe til. Men no er trenden i ferd med å snu. Mange er lei av posar og halvfabrikat. Dei vil ha ekte mat, gjerne lokalt produsert og så sunn og miljøvennleg som råd er.

Laks og aure tilfredsstiller alle dei krava moderne menneske stiller til framtidig mat. Den er ekte og god, den vert produsert på miljøvennleg vis, den er sunn og den er enkel og rask å tilreie. Raudt fiskekjøt kjem difor stadig oftare til å stå på menyen i framtida.

Her finn du ei mengd sunne og gode oppskrifter både på laks og aure: Oppskrifter

Kontakt: Sjøtroll Havbruk AS- 5397 Bekkjarvik / Telefon 91 91 18 00 / Faks 56 18 18 01 / e-post: firmapost@sjotroll.no
Developed by Maritime Colours.   Powered by PublishOnline