VI TEK HAND OM HEILE PROSESSEN Sjøtroll har fokus på å produsere fisk av høg kvalitet, noko vi ynskjer skal vere forbrukarane sitt førsteval i eit sunt kosthald. Dette skal skje på ein så etisk forsvarleg måte som mogleg. For å kunne påverke sluttproduktet i størst mogleg grad, og for å ha kontroll på alle faktorar, har vi valt å sjølv ta hand om heile produksjonsprosessen.

For å trygge framtidig avlsmateriale er stamfiskanlegga våre geografisk skjerma frå annan produksjon. Vi har eigne settefiskanlegg kor fisken oppheld seg i ferskvatn fram til den er klar for å verte sett ut i sjøanlegga våre. Vi har fokus på fiskevelferd og stiller store krav til produksjonslokalitetane både når det gjeld vasskvalitet og straumtilhøve. Vi prioriterer å gje fisken god plass i store einingar, noko som gjev oss positiv effekt i vårt førebyggjande helsearbeid. Sterkt fokus på råvaresamansetnaden i fiskefôret er avgjerande for eit sunt sluttprodukt.