REKRUTTERING
Oppdrettsnæringa er ein spennande og framtidsretta næring. Behovet for rein, sunn og lokalt forankra mat vert viktigare for kvar dag, og vår næring er ein del av løysinga.

Brei kunnskap, gjerne i kombinasjon med biologi, teknologi og økonomi, er avgjerande og viktig i oppdrettsnæringa. Sjøtroll har store ambisjonar, og vi er difor på jakt etter fleire dyktige medarbeidarar.

Vi vil til ei kvar tid ha lærlingar i akvakultur, både på settefisk- og matfiskanlegga våre. Opplæringskontoret i Austevoll er vår viktige samarbeidspartnar for å rekruttere lærlingar, samt dei vidaregåande skulane i til dømes Austevoll og Fusa. Vi deltek også i eit arbeid for å utvikle ein fagskulemodell i akvakultur for å styrke fagkompetansen på dette området. Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL), bransjeorganisasjonen for næringa, er hovudsamarbeidspartnar for oss.

Vil du arbeide i ein av dei viktigaste næringane i Noreg, ta kontakt med oss for ein prat.